Planlagde bustader

Bustader for alle livssituasjonar i sentrum av Rosendal

Det manglar ikkje på folk som vil bu i Rosendal. Det manglar bustader.

Tanken bak prosjektet på eigedomen Solheim er å gjera noko med nettopp dette.

Det har ved fleire høve vore sett fokus på at mange av dei unge som kjem heim til Rosendal ynskjer einebustader, medan andre vil ha leiligheiter. På den omlag 9 da store sentrumseigedomen vår, har vi difor sett føre oss ei lett blanding av bustader for å imøtekoma behova.

Dei første skissene inneheld åtte moderne og miljøvenlege einebustader med grunnflate på ca. 100m2, ein firemannsbustad med leiligheiter på ca. 70 m2, og to mindre mikrohus på ca. 30 m2.
Oppvarming av husa er tenkt skal koma frå termisk varme, henta frå jord eller grunnvatn.

Vi har lagt vekt på å skapa eit godt bumiljø med gjenkjennbar arkitektur som passar med bygda sin identitet og som høver i omgjevnadane, både i bygningskropp, material- og fargeval. Det er også lagt eit stort fokus på å skapa gode, praktiske og romslege løysingar for å leggje til rette for ulike personar og behov.

Eit mål for alle husa er å bevara gode siktliner mot fjord og fjell. Målsetnaden har elles vore å skapa romslege og naturlege fellesområder utanfor, og det flotte grøntområdet tomtene tilbyr har blitt vektlagt. I det heile er dette tankar som Riksantikvaren har gitt uttrykk for i sitt ynskje for framtidig utvikling av Rosendal.

Desse tankane har vi også spelt inn i arbeidet med den pågåande områdeplanen for Rosendal.

Gjeldande planstatus pr i dag for tomtene og området Øyrane på Malmanger i Rosendal er i Kommuneplan 2018 (planid 20140002): Sentrumsformål.

Tomtene

Eigedomen Solheim ligg sentralt til på Malmanger i Rosendal. Her har ein barne- og ungdomsskule, idrettsanlegg, og Rosendal Fjordhotel som nabo, i tillegg til nokre eldre einebustader.

Det er busstopp like ved, og resten av Rosendal ligg berre ein kort spasertur unna - anten du treng å handla dagens middag eller om du treng ein pustepause til fjells.

Skal du på langtur kjem du deg enkelt til Bergen eller Flesland med hurtigbåten frå Rosendal sentrum.

Skisser av bustadane

Kontakt

Dei planlagde bustadane er enno berre skisser og på idèstadiet.

Dersom du kan vera interessert i ein av bustadane, vil vi gjerne høyra frå deg. Eller om du har andre tankar og innspel til prosjektet.
nb. Bustadane er i fyrste rekkje tenkt for deg som vil busetja deg i Rosendal!